Filmarkiv
KOMPANI ORHEIM
| Dato | Søndag 8. april (1. påskedag) |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 40min |
| Sensur | 11 år |
| Genre | Drama |
| Nasjonalitet | Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris |

Kompani Orheim er basert på Tore Renberg sin bestselgjar. Kompani Orheim er historia om tenåringen Jarle Klepp og foreldra hans, som strever med å bu under same tak i Stavanger på midten av 80-talet. Dei har alle sine håp og draumar, men slit med å takle dagleglivet. Jarle søkjer tilflukt i musikk, politisk aktivisme og jenter, men å stå opp mot faren er ein kamp som står att. Kompani Orheim er både eit familiedrama og ei oppvekstskildring om skuld og forsoning, og prisen for uavhengigheit.
Sjå klypp her:
Hugo Cabret (3D)
| Dato | Fredag 6. april (Langfredag) |
| Tid | Kl 18.00 |
| Speletid | 2t 6min |
| Sensur | 7 år |
| Genre | Drama/Familiefilm |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | Bill.pris |
Meisterregissør Martin Scorsese sin store 3D-film, som byggjer på Brian Selznick sin roman The Invention of Hugo Cabret. Hugo Cabret fortel historia om ein 12 år gammal foreldrelaus gut som bur inne i veggen på ein stor togstasjon i Paris på 1930-talet. Hans einaste ven er ei mystisk, menneskeliknande maskin faren har etterlete han. Hugo er overbevist om at innretninga rommar ein hemmeleg beskjed frå faren, hvis han berre kan få den kompliserte maskina til å virke.
Regi: Martin Scorsese Med: Jude Law, Sacha Baron Cohen, Chloe Moretz, Asa Butterfield, Ben Kingsley, Emily Mortimer.
Sjå klypp her:
Varg Veum Kalde hjerter NORGESPREMIERE!Tid
| PREMIERE | Fredag 30. mars |
| Tid | Kl 19.00 |
| 2. visning | Søndag 1. april |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 40min |
| Sensur | 15 år |
| Genre | Krim/Thrillar |
| Nasjonalitet | Danmark/Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris | kr 80,- |
Varg Veum skal bli far. På ein måte han aldri kunne førestelle seg tek livet ei ny retning medan han leitar etter eit forsvunne syskenpar i Bergen sitt prostitusjonsmiljø. Varg innser at saka har ein samanheng med eit drap som blir etterforska av førstebetjent Hamre, der offeret hadde ubehageleg tette band til dei forsvunne syskena. Men i takt med Karin sin veksande mage, veks også trusselen mot Varg etter kvart som spora peikar mot ein skruppelaus narkoliga på jakt etter eit stort parti heroin.
Sjå klypp her:
Piratene! NORGESPREMIERE! (3D)
| Dato | Fredag 30. mars |
| Tid | Kl 17.00 |
| 2. visning | Laurdag 31. mars |
| Tid | Kl 16.00 |
| Speletid | 1t 30min |
| Sensur | 7 år |
| Genre | Animasjon / Eventyr / Familiefilm |
| Nasjonalitet | |
| Språk | Norske stemmer |
| Bill.pris |
Vi møter den rikt beskjegga Piratkapteinen – ein grenselaust entusiastisk, men ikkje akkurat vellykka, havets skrekk. Med eit lurvete mannskap ved si side, og tilsynelatande blind for at han har alle odds imot seg, har Kapteinen ein draum: å slå dei bitre rivalane Svarte Bellamy og Huggert-Liz i kampen om den ettertrakta prisen Årets Pirat. Ferda går frå kysten av den eksotiske Blodøya til dei tåkefulle gatene i det viktorianske London. På vegen må dei kjempe mot ei grusom dronning og slå seg saman med ein ulukkeleg forelska ung vitenskapsmann, men mistar aldri av syne det ein pirat elskar mest: eventyr!
Sjå klypp her:
LORAX Skogens vokter (3D) NORGESPREMIERE!
| Dato | Fredag 23. mars |
| Tid | Kl 17.00 |
| Speletid | 1t 34min |
| Sensur | 7 år |
| Genre | Animasjon/Familiefilm |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Norske stemmer |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Ein ny, fantasifull animasjonsfilm frå teamet bak Grusomme meg og Hopp – basert på ei klassisk barnebok av Dr. Seuss.
Den dataanimerte 3D-filmen Dr. Seuss’ The Lorax er ein adapsjon av Dr. Seuss si klassiske fortelling om eit skogsdyr som sprer håp til omgivelsane. Det animerte eventyret følgjer reisa til ein gut, som søkjer etter den eine tingen som kan få han til å vinne hjartet til drøymejenta. For å nå målet sitt må han bli kjent med Lorax – eit grettent, men sjarmerande, vesen som kjemper for å beskytte verda si.
Regi:Chris Renaud, Cinco Paul, Ken Daurio. Norske stemmer: Benjamin Helstad, Ivar Nørve, Linn Skåber, Inger Teien, Jeppe B. Laursen, Siri Nielsen, Håvard Bakke, Øyvind B Lyse, Scott Maurstad, Tommy Karlsen, Leo Meieran, Ella Blomstrand.
Sjå klypp her:
FUCK UP
| Dato | Søndag 18. mars |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 35min |
| Sensur | 15 år |
| Genre | Action/Svart komedie |
| Nasjonalitet | Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris |
En svart actionkomedie for det store lerretet frå teamet bak suksess-serien "Dag", med Atle Antonsen, Jon Øigarden, Tuva Novotny og Anders Baasmo Christiansen i front av ei sterk rolleliste. For første gong på årevis er Jack nøgd med seg sjølv. Han har bestemt seg for å slutte å pule alt som har puls og kutte ned på sin heftige og entusiastiske narkobruk. Men så kræsjar bestekompisen i mørket med ein elg på svenskegrensa. Han blir funnet med et gevir i panna og 2,5 kilo kokain i bagasjerommet. Innan dei neste 24 timane er over, har Jack mista huset, dama har forlatt han og teke med seg dottera.
Og som han snart er i ferd med å erfara: Når du har sunke så lågt det går an å komme, kan det alltids bli endå verre…
Regi:Øystein Karlsen. Skodespelarar:Atle Antonsen, Tuva Novotny, Jon Øigarden, Anders Baasmo Christiansen, Rebecka Hemse, Lennart Jähkel, Iben Hjejle.
Sjå klyppher:
MONEYBALL
| Dato | Søndag 11. mars |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 2t 13min |
| Sensur | For alle (tilr. ungd./vaksen) |
| Genre | Biografi/Drama |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Columbia Picture sin Moneyball er basert på den sanne historia om Billy Beane (Brad Pitt). Han var ei potensiell superstjerne innan baseball som, såra av å ha mislykkast i å leve opp til forventningane ute på bana, viar si ekstreme konkurransedrift til å leia ein klubb.
SAFE HOUSE
| Dato | Søndag 4. mars |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 54min |
| Sensur | 15 år |
| Genre | Action |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris |
Denzel Washington spelar ein farleg CIA-avhoppar, som etter ti år på flukt blir teken til fange og plassert i ei varetekstscelle i Sør-Afrika. Men når bygget blir storma av leigemordarar, må ein fersk politiagent forsøke å finne ein veg ut for dei begge. Dei to motpartane må no samarbeide om å halde seg i live lenge nok til å finne ut kven som ønskjer dei døde.
Regi: Daniel Espinosa Med: Denzel Washington, Ryan Reynolds, Vera Farmiga, Brendan Gleeson, Joel Kinnaman.
Sjå klypp her:
Barnepiken
| Dato | Søndag 26. februar |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 2t 26min |
| Sensur | 7 år (ungd./vaksen) |
| Genre | Drama |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Hovudrollene i "Barnepiken", basert på ei av fjorårets mest omtalte bøker og nr. 1 på New York Time si bestselgarliste, har Emma Stone ("Easy A") som Skeeter, Oscar-nominerte Viola Davis ("Doubt") som Aibileen og Octavia Spencer som Minny – tre veldig ulike og ekstraordinære kvinner i Mississippi anno 1960-åra, som dannar ein usannsynleg vennskap gjennom eit hemmeleg skriveprosjekt som bryt samfunnsmessige reglar og set dei alle i fare. Frå den utrulege alliansen deira oppstår eit bemerkelsesverdig kvinneleg fellesskap, som gir dei mot til å overskrida linjene som definerer dei, og erkjennelsen av at nokre gonger er dei linjene laga for å bli kryssa, sjølv om det betyr å bringa alle i byen ansikt til ansikt med tidens forandringar.
Djupt rørande og intens, men også full av humor og håp, er "Barnepiken" ei tidlaus og universell historie om evnen til å skapa forandring.
Regi:Tate Taylor. Skodespelarar:Emma Stone, Bryce Dallas Howard, Octavia Spencer, Mike Vogel, Sissy Spacek, Allison Janney, Jessica Chastain, Chris Lowell, Viola Davis, Ahna O’Reilly, Anna Camp, Cicely Tyson, Leslie Jordan, Aunjanue Ellis.
Sjå klypp her:
My Week with Marilyn
| Dato | Laurdag 18. februar |
| Tid | Kl 16.00 |
| Speletid | 1t 39min |
| Sensur | Alle (tilr. ungd./vaksen) |
| Genre | Drama |
| Nasjonalitet | Storbritannia |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris |
Den ukjente veka i livet til ikonet Marilyn Monroe. Marilyn Monroe er på bryllupsreise i England med den nye ektemannen sin, Arthur Miller, samtidig som hun spelar inn filmen "The Prince and the Showgirl". Då ektemannen må forlate landet for ei veke, rømmer Marilyn frå innspelingssettet, saman med sin unge og audmmjuke assistent Colin Clark. Gjennom ei idyllisk veke kjem Marilyn seg vekk frå hardkøyret i Hollywood og arbeidspress, og blir introdusert til gledene ved det britiske livet. Dette er den ukjente veka i livet til Marilyn Monroe. Michelle Williams innehar rolla som ikonet Marilyn Monroe, Kenneth Branagh spelar regissør Sir Laurence Olivier, mens Eddie Redmayne spelar assistenten Colin Clark. I øvrige roller ser vi Emma Watson, Judi Dench og Dominic Cooper. Filmen er produsert av rutinerte Harvey Weinstein og har alt blitt utpeikt som ein sentral kandidat til Oscar-nominasjonane i 2012.
Sjå klypp her:
