Filmarkiv
Sex and the city 2 Tidleg visning!!!
| Dato | FREDAG 18. JUNI KL. 18.00 NB!! TYSDAG 22. JUNI KL. 19.00 |
| Speletid | 2t 25min |
| Sensur | 11 år |
| Genre | Drama/Komedie |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill. kr. | 80,- |
Moro, mote og venskap: Sex and the City 2 gir deg alt og meir til. Carrie, Samantha, Charlotte og Miranda tek nok ein stor bit av The Big Apple -og mykje meir- medan dei held fram dei travle (kjærleiks)liva sine i ein oppfylgjar som glitrar.
Kva skjer etter at du seier "ja"? Livet byr på alt damene nokonsinne ønskte seg, men det ville ikkje vore Sex and the City om ikkje livet også hadde nokre overraskelsar på lur. Denne gongen er det i form av eit glamorøst, solfylt eventyr som tek damene frå New York til ein av dei mest luksuriøse, eksotiske og livlege stadane på kloden.
Regi: Michael Patrick King. Skodespelarar:Sarah Jessica Parker, Kristin Davis, Kim Cattrall, Cynthia Nixon, Miley Cyrus,Penélope Cruz, Chris Noth, Liza Minnelli, Willie Garson, Evan Handler, Jason Lewis.
Sjå trailer her:
Fatter’n
| Dato | SØNDAG 6. JUNI |
| Tid | Kl. 19.00 |
| Speletid | 1t 37min |
| Sensur | 11 år |
| Genre | Komedie |
| Nasjonalitet | Sverige |
| Språk | Svensk |
| Bill.pris | 70,- |
Her kjem ei ny, ellevill komedie frå skaparen av JALLA! JALLA! og KOPPS. Og for å sei det med ein gong, – alle gode ting er tre!
Fatter’n har det fortreffelEg i livet. Han har jobb, vener og eIn son som er glad i han. Men sonen har ei hemmelegheit han kvir seg for å dele med far. Så sonen tenkjer at kanskje er det best om senior finn seg ein kjæraste? Farvel, idyll!
Utanfor sykkelverkstaden til Jørgen sit tre vener. Jørgen mistenker at kona har eit litt for godt auge til naboen. Juan har ikkje slike problemer, han er singel og storsjarmør. Aziz er óg singel, men det plagar han ikkje. Korleis kan ei kvinne erstatte kona hans som døydde alt for tidleg? Han gledar seg over dei faste rutinene sine og det at han snart skal bli bestefar. Men sonen Sami og kona kan ikkje bli biologiske foreldre, og tør ikkje fortelje den tradisjonsbundne fattern at dei skal adoptere. Men kanskje sjokket blir lettare å takle hvis fattern får noko anna å tenkje på? Kva med ei ny kvinne i livet hans? Slik tenkjer Sami, og fattern er ikkje heilt uvilleg. Men å sende ein gamal enkemann ut på sjekkemarkanden får nokre følgjer Sami ikkje hadde førutsett…
Regi: Josef Fares Skuespillere: Jan Fares, Torkel Petersson, Hamadi Khemiri, Nina Zanjani.
Sjå trailer her:
Det regner kjøttboller
| Dato | LAURDAG 29. MAI |
| Tid | Kl. 16.00 |
| Speletid | 1t 30min |
| Sensur | 7 år (familie) |
| Genre | Familiefilm |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Norske stemmer |
| Bill.pris | 60,- |
Inspirert av Judi og Ron Barrett si bestselgande barnebok, serverer Sony Pictures Animation deg "Det regner kjøttboller" (Cloudy with a chance of meatballs) med data-animasjonseffektar du aldri har sett før, laga av Sony Pictures Imageworks
Ei kjempemorosam komedie om eit ungt geni som må redde verda då matoppfinnelsen hans klikkar og fører til at kjøttbollar på størrelse med Cadillac’ar og mais store som Eiffeltårnet fell mot jorda.
FISH TANK
| Dato | MÅNDAG 24. MAI |
| Tid | Kl. 19.00 |
| Speletid | 2t 3min |
| Sensur | 15 år (ungd./vaksen) |
| Genre | Drama |
| Nasjonalitet | Storbritannia |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | Kr. 70,- |
Mia er femten år og har falle utanfor. Ingen kjæraste, ingen vener, ingen skule, ingen jobb, ingenting. Jau, hun dansar. Åleine med kassettspelaren har ho det bra, alt anna er dritt. Mia bur saman med ei sliten mor og ei nebbete vesleesøster i ein begredeleg britisk forstad. Kan det bli verre?
Mora kjem stadig trekkande med nye menn. Mia foraktar henne for det. Men den nye elskaren, Connor, er annleis. Han ek seg tid til Mia. Snakkar med henne, skryter av henne, seier at ho dansar fint. Mia blomstrar. Endeleg har det kome ein tilsynelatande god mann inn i livet hennar.
Regi: Andrea Arnold. Skodespelarar: Katie Jarvis, Michael Fassbender, Kierston Wareing.
Sjå trailer her:
Yohan barnevandrer
| Dato | LAURDAG 22. MAI |
| Tid | Kl. 16.00 |
| Speletid | 2t 6min |
| Sensur | 7 år (Eigna familie) |
| Genre | Familiefilm |
| Nasjonalitet | Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris | Kr. 60,- |
Yohan er historia om ein av mange barnevandrarar på Sørlandet for over 100 år sidan. Filmen er ein Askeladden-forteljing om talentfulle Yohan på 10 år. Han bur på ein fattig gard saman med foreldre og fire sysken. Yohan blir tvungen ut på vandring til dei rikare gardane aust på Sørlandet. Han blir gjetar og passar buskapen mot ulv og bjørn og truande menneske. Filmen er tru mot historiske fakta om barnevandringane på Sørlandet på slutten av 1800-tallet. Mot alle odds lukkast Yohan i å overleve, sjølv om utgangspunktet er fattigdom og mange utfordringar.
En ganske snill mann
| Dato | SØNDAG 9. MAI |
| Tid | NB! NY TID: Kl. 20.00 |
| Speletid | 1t 52min |
| Sensur | 11 år (tilr. vaksen) |
| Genre | Komedie |
| Nasjonalitet | Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris | 70,- |
Ulrik er ein ganske snill mann. Han har drept nokre menneske, lemlesta litt. Når ein arbeider som kriminell er det ein del av jobben.
Ulrik gir stort sett folk det dei vil ha av han, så lenge han får mat og ei seng. Anten det er litt kjærleik eller eit drap. Etter at han er ute frå sitt siste fengselsopphald oppsøker han sonen sin, som har blitt ein vaksen mann sidan sist. Ein bra mann, med utdanning, sambuar og framtid. Sambuaren har lite til overs for den drapsdømde svigerfaren. Familien hennar driv ikkje med slikt. Dei driv med planteskule, og så har dei nokre prinsipp. Ulrik er ein ganske snill mann – men kor snill kan han bli?
Regi: Hans Petter Moland. Skodespelarar: Stellan Skarsgård, Bjørn Floberg, Gard B. Eidsvold, Bjørn Sundquist, Jannike Kruse, Kjersti Holmen, Jan Gunnar Røise, Aksel Hennie, Jorunn Kjellsby.
Sjå trailer her:
Alice in Wonderland NY DAG OG TID!!
| Dato | NB! NY DAG: SØNDAG 25. APRIL |
| Tid | NY TID: Kl. 18.00 |
| Speletid | 1t 48min |
| Sensur | 11 år |
| Genre | Eventyr/Familie/Fantasy |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | kr. 70,- |
Johnny Depp har rolla som The Mad Hatter og Mia Wasikowska som 19-årige Alice, som kjem attende til den merkelege verda ho møtte første gong då ho var barn, og møter igjen barndomsvenene: The Mad Hatter , White Rabbit, Tweedledee og Tweedledum og alle dei andre i Wonderland. Alice legg ut på ei fantastisk reise for å finne sin sanne skjebne og sette ein stoppar for The Red Queen sitt terrorvelde.
Regi: Tim Burton. Skodespelarar: Johnny Depp, Anne Hathaway,Helena Bonham Carter, Michael Sheen, Mia Wasikowska, Matt Lucas, Crispin Glover,Stephen Fry, Alan Rickman.
Sjå trailer her:
Dragetreneren NY OPPSETJING!
| Dato | NB! FREDAG 23. APRIL |
| Tid | Kl. 18.00 |
| Speletid | 1t 28min |
| Sensur | 7 år |
| Genre | Animasjon/Eventyr/Familie |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Norske stemmer |
| Bill.pris | 60,- |

Bli med til den mytiske vikingtida, fylt av ville dragar og spanande eventyr. VI møter den unge vikingguten Hikken, som ikkje heilt passar inn med dei andre vikingane. I landsbyen har dei ein lang tradisjon med heroiske dragedreparar, som det blir forventa at Hikken skal tre inn i. Men når han møter sin første drage blir livet hans snudd på hovudet. Filmen er basert på boka til Cressida Crowell.
Regi: Peter Hastings. Norske stemmer:Alexander Rybak, Helge Jordal, Kjersti Sandal, Ida Elise Broch, Knut Joner, Per Skjølsvik, Jan Martin Johansen.
Sjå trailer her:
Asfaltenglene
| Dato NB! NY! | SØNDAG 18. APRIL |
| Tid NB! NY! | Kl. 18.00 |
| Speletid | 1t 22min |
| Sensur | 7 år(U) |
| Genre | Spenning |
| Nasjonalitet | Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris | Kr. 60,- |
12-åringane Maja, Rikke og Ohna har sommarferie og driv dank på Ohna sin familierestaurant Saigon House. Ein dag dukkar politiet opp og finn narkotika på kjølelageret. Ohna sin storebror blir arrestert, men jentene veit at han er uskuldig. Dermed tar Asfaltenglane saka. Saman balanserer dei på høge gjerder og på kanten av lova for å løyse saka. Dei får hjelp av Orpham – eit råskinn på sykkel, bestemor Noi – eit råskinn bak rattet, og Fredriksen – eit råskinn av ein hund som trur han er menneske.
Regi: Lars Berg. Skodespelarar:Nini Bakke Kristiansen, Helene Nybråten, Emma Høgh Åslein, Kristin Skogheim, Edward Schultheiss, Linghou Yu Spalder, Jeff Ranara.
Sjå trailer her:
Dragetreneren
| Dato | LAURDAG 17. APRIL |
| Tid | Kl. 16.00 |
| Speletid | 1t 38min |
| Sensur | 7 år |
| Genre | Eventyr/Animasjon/Familie |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Norske stemmer |
| Bill.pris |
Bli med til den mytiske vikingtida, fylt av ville dragar og spanande eventyr. VI møter den unge vikingguten Hikken, som ikkje heilt passar inn med dei andre vikingane. I landsbyen har dei ein lang tradisjon med heroiske dragedreparar, som det blir forventa at Hikken skal tre inn i. Men når han møter sin første drage blir livet hans snudd på hovudet. Filmen er basert på boka til Cressida Crowell.
Regi: Peter Hastings. Norske stemmer:Alexander Rybak, Helge Jordal, Kjersti Sandal, Ida Elise Broch, Knut Joner, Per Skjølsvik, Jan Martin Johansen.
Sjå trailer her: