Aldersgrenser på kino

“Tillatt for alle” – Ingen aldersgrense

7 år – frå fylte 7 år åleine (ned til fylte 4 år saman med føresett)

11 år – frå fylte 11 år åleine (ned til fylte 8 år saman med føresett)

15 år – frå fylte 15 år (ned til fylte 12 år saman med føresett)

18 år – absolutt grense

Desse sensurgrensene er fastsett av Statens filmtilsyn, og gjort gjeldande frå 1994. Du finn dei på oppslag utanfor kinolokalet.

Når det gjeld dei ulike aldersgrensene, er det å sei at ein film med t.d. “sensur 7år” ikkje nødvendigvis eignar seg for barn i den alderen eller lågare. Sensuren vert sett ut frå kriteriar, som innslag av vald og andre sterke scenar i filmen. I tillegg til dette vert det gjort ei heilheitleg vurdering av bodskapen i filmen. Filmar med sensur 15 år vil som regel ha ein god del innslag av vald/sterke scenar. 18- årsgrensa er absolutt, og publikum må vera fylt 18 år.

Til hjelp i å finna ut om filmen høver, vil me freista å merka filmen med t.d. “Eigna for…” eller “Ikkje tilrådd under …”

Dersom du er i tvil om aldersgrensene utover dette, må du gjerne ta kontakt med kinoen!

Kinoansvarleg, Terje Horvei, har telefon 93 44 96 83.

Heim