Filmarkiv
Mission: Impossible – Ghost Protocol NORGESPREMIERE!
| Dato | Fredag 27. januar |
| Tid | Kl 19.00 |
| 2. visning | Søndag 29. januar |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 2t 13min |
| Sensur | 15 år |
| Genre | Avtion |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Vinterens største actionbegivenheit står for døra når Tom Cruise er tilbake i rolla som spesialagenten Ethan Hunt i Mission: Impossible – Ghost Protocol.
Agenten Ethan Hunt og teamet hans får skulda for terroristbombinga av Kreml. Heile organisasjonen han arbeider for blir avvikla, når presidenten kort tid etter annonserer "Ghost Protocol". Utan nokon ressursar eller forsterkingar til rådigheit, må Ethan finne ein måte å reinvaske namnet til byrået sitt, og forhindre eit nytt terrorangrep. For å komplisere saka ytterlegare blir Ethan tvinga ut på eit farleg oppdrag saman med andre tidlegare agentkollegaer på flukt frå myndigheitene. Men han veit ingenting om deira personlege motivasjonar.
Sjå klypp her:
Varg Veum De døde har det godt NORGESPREMIERE!
| Dato | Fredag 20. januar |
| Tid | Kl 19.00 |
| 2. visning | Søndag 22. januar |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 35min |
| Sensur | 15 år |
| Genre | Krim/Thrillar |
| Nasjonalitet | Danmark/Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Varg Veum blir vitne til at ei ung asylsøkarjente dør framfor augo på han. Var det ei ulykke, eller blei hun drept av nokon for å sende ein advarsel til andre jenter i miljøet?
Saman oppdagar Varg og Karin at den døde var djupt involvert i ei verksemd, der unge kvinner på asylmottak blir kynisk utnytta. Tida jobbar mot Varg, som må bevise kven som står bak ringen, før liva til fleire unge jenter går tapt.
Regi:Erik Richter Strand. Skodespelarar:Trond Espen Seim, Bjørn Floberg, Lene Nystrøm, Jørgen Langhelle.
Sherlock Holmes A Game of Shadows
| 2. visning | Søndag 15. januar |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 2t 8min |
| Sensur | 15 år |
| Genre | Action/Eventyr |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Robert Downey Jr. strålar igjen som verdens mest berømte detektiv, Sherlock Holmes. Guy Richie står nok ein gong for regien, og Jude Law er tilbake som hans formidable kollega, Dr. Watson.
Sherlock Holmes har alltid vore den smartaste i si tid, til no. Men ein ny, kriminell meisterhjerne, Professor Moriarty (Jared Harris) dukkar opp som ei intellektuell utfordring for Holmes. Med sin evne til ondskap og totale mangel på samvittigheit, får han taket på sjølvaste Holmes.
Når kronprinsen av Østerrike blir funnen død, ser bevisa ut til å peike mot sjølvmord, i alle fall ifølgje Inspector Lestrade (Eddie Marsan). Men Sherlock Holmes skjønar at prinsen har vore utsett for mord – eit mord som berre er en liten del av ein større, illevarslande plan, – iverksett av ein viss Professor Moriarty.
Etterforskinga har visse fordelaktige sider når den fører Holmes til ein hemmelig "gentlemen’s club", der både Sherlock og bror hans, Mycroft Holmes (Stephen Fry), skålar for Dr. Watson sin siste dag som ungkar. Her møter også Holmes Sim (Noomi Rapace), ei mystisk spåkone, som ser meir enn ho avslørar og gjennom si uvitande deltaking i mordet på kronprinsen er morderen sitt neste mål. Holmes klarar så vidt å redde livet hennar, og som takk blir ho motvillig med på å hjelpe han.
Etterforskinga blir endå farlegare når den fører Holmes, Watson og Sim over kontinentet frå England til Frankrike og Tyskland, og vidare til Sveits. Men den utspekulerte Moriarty er alltid eit steg framom med sitt nett av død og øydelegging, og viss han lykkast, vil han kunne endre historia for alltid.
Regi:Guy Ritchie. Skodespelarar:Robert Downey Jr., Jude Law, Stephen Fry, Jared Harris, Rachel McAdams, Noomi Rapace, Kelly Reilly, Geraldine James.
Sjå klypp her:
LØVENES KONGE (3D) NORGESPREMIERE!
| Premiere | Fredag 13. januar |
| Tid | Kl 18.00 |
| 2. visning | Søndag 15. januar |
| Tid | Kl 16.30 |
| Speletid | 1t 30min |
| Sensur | 7 år |
| Genre | Familiefilm |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Norske stemmer |
| Bill.pris |
Bli med på livets uendelege sirkel – sjå Disney sin Løvenes Konge for første gong på kino i 3D!
Det er ein stor dag i løvenes rike når løveungen Simba blir født. Ein dag er det han som skal overta kongetrona etter far sin, Mufasa! Dette er til stor glede for alle utanom Scar, Mufasa sin slemme bror, som sjølv ønskjer å overta trona. Tida går, og den nysgjerrige Simba lærer seg å takle farar som en framtidig konge kan bli utsett for. Han følgjer far sin, får kloke råd av bavianen Rafiki, og leikar med kompisen Nala. Ein dag skjer det noko forferdeleg - Mufasa forsvinn sporlaust – og før dei vet ordet av det, har Scar overtatt trona! Simba blir jaga ut av flokken og må klare seg i den store verda, heilt åleine. Langt borte frå familien treff han marekatten Timon og vortesvinet Pumbaa, som blir dei nye vennene hans. Men ein dag vender Simba tilbake til løveriket for å gjenvinne plassen sin som Løvenes Konge..
Sjå klypp her:
