Filmarkiv

Arthurs julegaverace (3D)

Dato TORSDAG 29. DESEMBER
Tid Kl 18.00 
Speletid 1t 37min
Sensur For alle
Genre Familiefilm
Nasjonalitet  
Språk Norske stemmer
Bill.pris Kr 80,-

Den dataanimerte 3D-komedia Arhur Christmas, avslører endeleg det utrulege, til nå ukjente svaret på alle barn sitt spørsmål: Korleis klarar Julenissen å levere alle presangane i løpet av éi einaste natt? Svaret: Julenissen sin fantastiske, ultra-høgteknologiske operasjon, skjult under sjølve Nordpolen! Men i sentrum for heile filmen ligg ei historie med alle ingrediensane til ei klassisk julefortelling. Ein komisk, dysfunksjonell familie og ein usannsynleg helt, Arthur, med eit viktig oppdrag som må fullførast før jula er her.

 

Sjå klypp her:

The Girl with the Dragon Tattoo

Dato TYSDAG 27. DESEMBER
Tid Kl 19.00
Speletid 2t 35min
Sensur 15 år
Genre Drama/Thrillar
Nasjonalitet USA
Språk Engelsk
Bill.pris  

The Girl With the Dragon TattooThe Girl with the Dragon Tattoo er den første av Columbia Pictures tre filmars bearbeiding av Stieg Larsson sin boksuksess Millennium-trilogien. Regissert av David Fincher og med Daniel Craig og Rooney Mara i hovedrollene, er filmen basert på den første romanen i trilogien, som til saman har selt over 50 millionar bøker i 46 land, og blitt eit fenomen over heile verda. Filmmanuset er skrive av Steven Zaillian.

Sjå klypp her:

5

David Fincher, en av de skarpeste og smarteste Hollywood-regissørene, klarer å kompensere for romanenes svakheter og bygge oppunder det som er bra. Sin vane tro kaster han ikke bort et sekund av tiden. Fincher kryssklipper kjapt og flytende, kutter ned på dialogene, og snakker i bilder. Stemningen settes av den jagende, klagende musikken til Trent Reznor fra Nine Inch Nails. Fincher og Reznor samarbeidet også på fjorårets eminente «The Social Network», og også her er musikken helt riktig: Passe trist, passe tung, og full av dulgte løfter om skjeletter i skapet. (Dagbladet 20.12.11)

Sofistikert, amerikansk remake

Den amerikanske filmversjonen av Menn som hater kvinner er langt mer sofistikert enn den skandinaviske. Temperamentet til regissøren David Fincher kler det skandinaviske vinterlandskapet utmerket.

stjernestjernestjernestjernestjerne  (Aftenposten, 20.12.11)

Alvin og Gjengen 3 (2D) Me seier oss lei for avbroten premiereførestilling! Alle som kjøpte billett til premiera søndag vil sjølvsagt få gratis billett til førestillinga 27. desember.

2. visning TYSDAG 27. DESEMBER
Tid Kl 16.30
Speletid 1t 28min
Sensur For alle
Genre Animasjon/Familiefilm
Nasjonalitet USA
Språk Norske stemmer
Bill.pris Kr 80,-

Alvin og gjengen 3

Blåfjell 2 Jakten på det magiske horn 3D

Dato LAURDAG 17. DESEMBER
Tid Kl 16.00
Speletid 1t 24min
Sensur Alle
Genre Eventyr/Familiefilm
Nasjonalitet Norge
Språk Norsk
Bill.pris Kr 80,-

Fjellrose og Dreng må redde verda fra sprengkulde i eit nytt, fabelaktig eventyr – i 3D!
Heile livsgrunnlaget for blånissar og raudnissar står på spel; vinteren er strengare enn nokon kan hugsa. Nede i dalen hjå raudnissane kjem en isbre stadig nærmare. Breen truar med å knuse garden. Bonden har alt forlatt garden, og snart må raudnissene gjera det same.

Dronning Fjellrose vil gjerne hjelpe, men då må ho trassa ein av dei aller strengaste Blånissereglane. Ho går på leiting etter det mytiske Blåhornet, som er gøymt langt borte i det mytiske Gråtfjell. Blåhornet er eit magisk instrument som kan påverka veret, og smelta breen.
Dreng Dronningsønn blir med, og saman legg dei ut på ei fantastisk ferd, der de treff både komiske husfolk og merkelege skapningar. Men dei unge nissane burde høyrt på dei urgamle nissereglane, og lete Blåhornet vera. Den store blåstormen kjem. Fjellrose og Dreng har ingen tid å mista. Kan dei stoppa stormen, og samtidig redda Raudnissegarden?

Sjå klypp her:

Alle som ser filmen på Trudvang Kino får flott diplom!

The Rum Diary

Dato SØNDAG 11. DESEMBER
Tid Kl 20.00 NB!
Speletid 1t 49min
Sensur 11 år
Genre Drama
Nasjonalitet USA
Språk Engelsk/spansk
Bill.pris Kr 80,-

The Rum Diary

Johnny Depp spelar hovudrolla i ein film av Whitnail og eg-regissør Bruce Robinson, basert på ei bok av mannen bak "Frykt og avsky i Las Vegas", kultforfattaren Hunter S. Thompson.

Hunter S. Thompson si bok og historie handlar om journalisten Paul Kemp, spelt av Johnny Depp, som jobbar i ein uryddig og vaklande avisredaksjon i Karibia.

Inspirasjonen til boka henta Thompson frå sine eigne opplevingar som journalist i karibiske Puerto Rico på 60-tallet.

I øvrige roller møter vi bl.a. Aaron Eckhart, Giovanni Ribisi og Amber Heard.

Sjå klypp her:

ARME RIDDERE

Dato Søndag 4. desember
Tid Kl 19.00
Speletid 1t 26min
Sensur 15 år
Genre Action/Komedie
Nasjonalitet Norge
Språk Norsk
Bill.pris Kr 80,-

Arme RiddereVettskremt og blodig vaknar Oscar Svendsen med ei hagle i hendene i det som ein gong var ei anstendig strippebule ved Svinesund. Rundt han ligg åtte lik, og framfor han står kriposetterforskar Solør og peikar på han med ein pistol. For Solør framstår det klart at han er den skuldige, sjølv om Oscar hardnakka bedyrar at han er u

Nølande begynner Oscar å fortella den utrulege historia om fire karar som saman fekk tolv rette i tipping og 1.739.361 kr i fanget. Pengane skulle vise seg å vere vanskeleg å dele på fire.
Arme Riddere er ei spennande, leiken og blodig komedie frå produsenten av Fritt Vilt. Filmen er basert på ei historie av Norges krimforfattar nummer éin; Jo Nesbø.

Regi: Magnus Martens.Skodespelarar: Mads Ousdal, Kyrre Hellum, Henrik Mestad, Andreas Cappelen, Arthur Berning, Lena Kristin Ellingsen, Fridtjov Såheim.

Sjå klypp her:

HAPPY FEET 2 (3D)

Dato Søndag 4. desember
Tid Kl 16.30
Speletid 1t 39min
Sensur Alle
Genre Animasjon/Familiefilm
Nasjonalitet USA
Språk Norske stemmer
Bill.pris Kr 80,-

Happy Feet 2 (3D)

Det oppstår problem for keisarpingvinen og steppekongen Mumble når det viser

seg at sonen Erik ikkje kan danse. Motvilleg til å lære reiser Erik ut på eigne eventyr.

Her får han møte Den mektige Sven – ein pingvin som kan fly! Mumle skjønar at han

ikkje lenger duger som Erik sitt forbilde. Og situasjonen forverrar seg når verden blir rysta

av mektige krefter. Erik lærer noko om mot, når han ser far sin, Mumle, samle heile

pingvinnasjonen og all verdens fantastiske skapningar. Alt frå små krill til store

elefant-selar må kjempe saman i fellesskap – for å redde Antarktis.

Sjå klypp her: