Filmarkiv
Tower Heist
| Dato | SØNDAG 27. NOVEMBER |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 46min |
| Sensur | 11 år |
| Genre | Action |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Ben Stiller og Eddie Murphy leier an stjernegalleriet i denne krimkomedia. Etter at arbeidsstaben i ein Central Park-luksusskyskrapar oppdagar at milliardæren i toppetasjen har stukke av med heile pensjonen deira, slår dei seg saman for å planlegge den ultimate hevnen: Eit dristig kupp for å stele tilbake det han har tatt frå dei.
Regi: Brett Ratner Med: Ben Stiller, Eddie Murphy, Matthew Borderick, Téa Leoni, Gabourey Sidibe, Dave Chappelle, Michael Peña, Alan Alda, Charles Q. Murphy.
Sjå klypp her:
OLA FROSKESNAPPER (3D)
| Dato | LAURDAG 26. NOVEMBER |
| Tid | Kl 16.00 |
| Speletid | 1t 25min |
| Sensur | Alle |
| Genre | Animasjon/Familiefilm |
| Nasjonalitet | Danmark |
| Språk | Norske stemmer |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Ein morosam animasjonsfilm for heile familien. Victor er 10 år, og bur i ein liten søvnig by. Victor og hunden hans med det litt uvanlege namnet Pølse, tilbringer sommaren saman med bestevenen Jackob. Dei brukar tida til å tulle med vaksne. Livet hadde vore perfekt, hadde det ikkje vore for Ola Froskesnapper, den dummaste og eklaste bølla i heile byen.
Sjå klypp her:
NORGESPREMIERE The Twilight Saga–Breaking dawn Part 1
| Dato | FREDAG 18. NOVEMBER |
| Tid | Kl 19.00 |
| Dato | SØNDAG 20. NOVEMBER |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 56min |
| Sensur | 11 (tilrådd 13+) |
| Genre | Fantasy/Romantikk/Drama |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
I The Twilight Saga – Breaking Dawn – Part 1, blir Bella (Kristen Stewart) og Edward (Robert Pattinson) og dei rundt dei konfrontert med konsekvensane av paret sitt bryllaup, bryllaupsreise og ein dramatisk barnefødsel.som får ein sjokkarta effekt på Jacob Black (Taylor Lautner). Med meir av den kjærleik, det begjær, intriger og spenning som har gjort dei tre tidlegare filmane i serien til internasjonale megasuksessar, tek The Twilight Saga – Breaking Dawn – Part 1 oss nærmare enden på sagaen om vampyrar, grenselaus kjærleik, evig vennskap og å finne seg sjølv.
Regi: Bill Condon Med: Kristen Stewart, Robert Pattinson, Taylor Lautner, Dakota Fanning, Rami Malek, Ashley Greene, Jackson Rathbone, Anna Kendrick, Nikki Reed, Kellan Lutz.
Sjå klypp her:
Footloose Ny oppsetting!
| Dato | TYSDAG 15. NOVEMBER |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 53min |
| Sensur | 11 år |
| Genre | |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Remake av klassikeren fra 1984 med Kevin Bacon – filmen som gjorde dans tøft!
Ren MacCormack flyttar frå Boston til den vesle sørstatsbyen Bomont, der får han eit kraftig kultursjokk. Noken år tidlegare vart det vesle samfunnet rysta av ei tragisk ulykke der fem ungdommar mista livet etter ein fest. Momonts rådsmenn og den avholdte pastoren Shaw Moore innførte kort tid etter eit strengt forbud mot all dans og høg musikk. Men Ren nektar å godta statsus quo og utfordrar regelverket, medan han undervegs revitaliserer byen og forelskar seg i pastoren si konfliktfylte dotter Ariel.
Regi: Craig Brewer Skodespelarar: Dennis Quaid, Kenny Wormald, Julianne Hough, Miles Teller.
Sjå klypp her:
babycall
| Dato | Søndag 13. november |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 36min |
| Sensur | 15 år Frårådd under 15 år! |
| Genre | Thrillar |
| Nasjonalitet | Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Babycall er ein psykologisk thrillar med Millenium-trilogien si store stjerne Noomi Rapace, og Kristoffer Joner, med av Budbringeren og Naboer, Pål Sletaune.
Anna og hennar 8 år gamle son Anders, er på flukt frå Anders sin voldelege far. Dei flytter til hemmeleg adresse i ei gigantisk boligblokk. Anna er livredd for at eksmannen skal finne dei, og kjøper ein babycall for å passe på Anders mens han søv.
Men merkelege lyder slår inn på babycallen frå andre stader i blokka. Anna overhøyrer det ho trur er mordet på eit barn. Samtidig har Anders fått ein mystisk, mørkhåra venn, som kjem og går som han vil…
Sjå klypp her:
Varg Veum I mørket er alle ulver grå
| Dato | Søndag 6. november |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 36min |
| Sensur | 15 år |
| Genre | Action/Thrillar |
| Nasjonalitet | Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
I mørket er alle ulver grå er ein ny krim med Bergens eigen privatdetektiv Veum, med Trond Espein Seim i hovudrolla som Varg.
I filmen vaknar Varg Veum av eit drønn som rystar heile Bergen, idet eit våpenlager utanfor byen går i lufta. Fleire liv går tapt, i det som ikkje berre blir førstebetjent Hamre si største og farlegaste sak nokonsinne, men også Varg si. Same natt blir nemleg Veum sin gamle ven, Even, funnen drepen, og detektiven innser raskt at dei to hendingane har ein samanheng. Før Varg veit ordet av det, er han i Budapest, involvert i eit livsfarleg spel mellom ein internasjonal, para-militær organisasjon – og den mektige våpenprodusenten.
Sjå klypp her:
DEN STORE KINODAGEN LAURDAG 5. NOV.
Program


Tid: Kl 11.00
Speletid: 1t 42min
Pris: kr 40,-
Språk: Norske stemmer
Genre: Familiefilm
Smurfane blir jaga ut av landsbyen av trollmannen Gargamel. Dei blir tvinga ut av si lukka verd og inn i vår, og landar midt i Central Park, New York. Når dei berre er tre eple høge og står fast i The Big Apple, må Smurfene finne ein måte å kome tilbake til landsbyen sin på før Gargamel fangar dei.

Tid: Kl 13.30
Speletid: 1t 36min
Pris: kr 40,-
Sensur: 15 år
Språk: Norsk
Genre: Thrillar
Anna og hennar 8 år gamle son Anders er på flukt frå Anders sin voldelege far. Dei flyttar til hemmeleg adresse i ei gigantisk boligblokk. Anna er livredd for at eksmannen skal finne dei, og kjøper ein babycall for å passe på Anders når han søv. Men merkelege lydar slår inn på babycallen frå andre stader i blokka. Anna overhøyrer det ho trur er mordet på eit barn. Samtidig har Anders fått ein mystisk, mørkhåra ven. Veit den nye venen noko om lydane i babycallen? Og kvifor er det blod på teikninga til Anders?

Tid: Kl 15.30
Speletid: 1t 46
Pris: kr 40,-
Sensur: 11 år
Språk: Norsk
Genre: Animasjon/Familie
Tintin er ein modig ung reportar som i nådelaust jaktar på ei god historie. Han blir kastet inn i ein verden full av spennande eventyr. Filmen er basert på bokserien Tintins Eventyr av Hergé.

Tid: Kl 18.00
Speletid: 1t 46
Pris: kr 40,-
Sensur: 11 år
Språk: Engelsk
Genre: Komedie
ALLY DARLIN er redd for at ho aldri skal finne den rette – ein frykt som blir forsterka når ho les at kvinner som har hatt fleire enn 20 sexpartnerar har vanskelegare for å bli gift… Systra sitt bryllup er nært forestående, og utan ein date og med 19 hakk i sengestolpen får Ally panikk. Ho bestemmer seg for å gi sine eksar ein ny sjanse og oppsøker dei ein etter ein for å sjå om ho ikkje alt kan ha møtt draumeprinsen.
Det vert konkurransar for stor og liten før Den Store Kinodagen, med fine premiar!
