Filmarkiv
Kong Curling
| Dato | SØNDAG 25. SEPTEMBER |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 13min |
| Sensur | Alle (Eigna for ungd./vaksen) |
| Genre | Komedie |
| Nasjonalitet | Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Tenk deg at du eingong leia laget ditt til seier i Curling-NM. Du var kjent for din pedantiske milimeterforståelse og ditt fokuserte vesen. Så går rullgardina ned. Det klikkar for deg. Du blir lagt inn på psykiatrisk, og kvar morgon må du knaske eit pillebrett langt som eit vondt år. Plutseleg får du vite at den tidligare trenaren og mentoren din ligg alvorleg sjuk, og treng pengar til ein livsnødvendig operasjon i USA. Kva gjer du?
Den fallerte Norgesmeistaren Truls Paulsen lever eit kua og umyndiggjort tilvere med sin svært kontrollerande verge, kone og tacoentusiast Sigrid. Så kjem den forferdelege nyheita om Gordon – vennen, treneraren og førebildet hans. Truls må redde han. Truls må samle laget.
På rollelista står den aller ypparste eliten av norske komikarar – så gjer deg klar til ei ellevill og befriande komedie!
Regi: Ole Endresen.
Skodespelarar: Atle Antonsen, Jon Øigarden, Ingar Helge Gimle, Kåre Conradi, Steinar Sagen, Jan Sælid, Linn Skåber, Ane Dahl Torp, Else Kåss Furuseth, Anne Marit Jacobsen, Ulf Brunnberg, Bård Tufte Johansen, Harald Eia, Hans Morten Hansen.
Sjå klypp her:
Knerten i knipe Alle Gode ting er tre? NORGESPREMIERE
| Dato | FREDAG 23. SEPTEMBER PREMIERE |
| Tid | Kl 18.00 |
| Dato | LAURDAG 24. SEPTEMBER |
| Tid | Kl 16.00 |
| Speletid | 1t 12min |
| Sensur | Alle |
| Genre | Barnefilm |
| Nasjonalitet | Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Her kjem den tredje og siste filmen om Knerten og Lillebror. I "Knerten i knipe" møter du nokre skumle typar, ein forundringspakke og Lille-Knerten. Og som om ikkje det var nok, forsvinn Knerten! Få med deg korleis det fantastiske eventyret sluttar!
Regi: Arild Østin Ommundsen
Skuespillere: Adrian Grønnevik Smith, Åsleik Engmark, Pernille Sørensen, Jan Gunnar Røise, Petrus A. Christensen, Samsaya, Nils Jørgen Kaalstad, Minken Fosheim, Trond Fausa Aurvåg, Andreas Cappelen.
Sjå klypp her:
HODEJEGERNE Ny oppsetting Sett av nesten 250 000!
| Dato | Søndag 18. september |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 38min |
| Sensur | 15 år |
| Genre | Action/Thrillar |
| Nasjonalitet | Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris |
Ut over å være ein mann på kun 1,68, er Roger ein mann som tilsynelatande har alt; han er Norges mest vellykka hodejeger, er gift med den altfor vakre galleristen Diana, har ein altfor dyr villa, og for å holde hovudet over vatnet økonomisk, må han stele litt for mykje kunst. Claes Greve er den perfekte kandidaten til Roger sitt nye rekrutteringsoppdrag, med sin bakgrunn som tidlegare elitesoldat og toppleiar . Han er dessutan eigar av eit verdifullt maleri. Roger ser no sjansen til å bli kvitt sine økonomiske problem for godt – og set i gang med å planlegge sitt største og siste kupp. Men det viser seg at Greve og spelar eit spel. Når Roger bryt seg inn hjå Greve, oppdagar han noko som gjer at han må flykte for livet.
HODEJEGERNE SPRENGJER ALLE FORVENTINGAR SALSMESSIG, OG ER NO SELD TIL 30 LAND – og det lenge før filmen blir vist for norsk publikum!
I rollene som Roger Brown, Diana Brown og Clas Greve. ser vi hhv Aksel Hennie, Synnøve Macody Lund og danske Nikolaj Coster-Waldau.
HODEJEGERNE er regissert av prisbelønte Morten Tyldum (Buddy) og er produsert i samarbeid mellom Nordisk Film, Friland og Yellow Bird.
Sønner av Norge
| Dato | SØNDAG 11. SEPTEMBER |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 27min |
| Sensur | 11 år (Ikkje tilrådd under 11) |
| Genre | Drama/Komedie |
| Nasjonalitet | Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Det er ikjke lett å gjera opprør, når faren din vil vera med… Ein dag (i 1979) møter Magnus og Nikolaj (far og son) veggen i det nye rekkehuset deira på Rykkinn. Magnus er arkitekt, hippie og fritenkar, noko som skil seg ut i eit miljø, der likheit og samhald er idealet. Han står alltid opp for sonen sin, og gjev han ubetinga støtte, også når Nikolaj bestemmer seg for å gje faen i alt.
Sønner av Norge er ein film om opprør, pønkrock, drabantbyhelvete, og konflikten mellom hippiar og pønkarar. Men mest av alt er det ei historie om eit uvanlig far-son-forhold, og styrken i dei banda me av og til gjer vårt beste for å riva over.
Regi: Jens Lien. Skodespelarar: Sven Nordin, Åsmund Høeg, Sonja Richter, Trond Nilssen.
Sjå klypp her:
Fåmegpå forfaen
| Dato NY! | NY! LAURDAG 3. SEPTEMBER |
| Tid NY! | Kl 16.00 |
| Speletid | 1t 16min |
| Sensur | 11 år (Eigna for ungdom frå 13) |
| Genre | Drama |
| Nasjonalitet | Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Her bur 15 år gamle Alma. Alma er søt, har mange venner og masse humor, men det er ein ting som manglar; ho har ikkje Artur – skulen sin kjekkas.
Kvardagen hennar består stort sett av å gå på ungdomsskulen, vente på at ho skal bli vaksen slik at ho kan flytte til ein annan stad – og kåte dagdraumar. Slik prøver Alma så godt ho kan å overleve dei vanskelege tenårene. På ein skulefest prøver endeleg Artur seg på Alma, men når Alma fortel venninnene sine om kva som har skjedd, så fornektar han alt. Alma blir utstøtt av alle som ein løgnar, latterleggjort og mobba. Kvardagen som tidlegere var kjedeleg blir no i tillegg direkte plagsom, nærmast uuthaldeleg.
Regi: Jannicke Systad Jacobsen Med: Helene Bergsholm, Henriette Steenstrup, Matias Myren, Malin Bjørhovde, Beate Støfring, Julia Schacht, Arthur Berning, Julia Bache-Wiig.
Sjå klypp her:

