Filmarkiv
Gutten med sykkelen
| Dato | Søndag 21. august |
| Tid | Kl 19.00 |
| speletid | 1t 27min |
| Sensur | 11 år (ungd./vaksen) |
| Genre | Drama |
| Nasjonalitet | Belgia |
| Språk | Fransk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Ei gripande forteljing om 12 år gamle Cyril som er plassert på ein institusjon, fordi faren ikkje ønskjer ansvaret for han. Når guten møter frisøren Samantha, blir ho som ei mor for han og prøver å bringa han på rett kjøl. Dardenne-brødrene sin nye film blei belønna med Grand Prix i Cannes. GUTTEN MED SYKKELEN er eit drama fullt av håp, og med fantastiske skodespelarprestasjonar.
Regi: Jean Pierre Dardenne, Luc Dardenne.
Skodespelarar: Cécile de France, Thomas Doret, Jérémie Renier, Fabrizio Rongione, Egon Di Mateo, Olivier Gourmet.
Terningkast 6 – Filmmagasinet
Sjå klypp her:
BILER 2 (3D) Ny førestilling!
| Dato | LAURDAG 20. AUGUST |
| Tid | Kl 16.00 |
| Speletid | 1t 52min |
| Sensur | 7 år |
| Genre | Animasjon/Familie |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Norske stemmer |
| Bill.pris | Kr 80,- |

Den berømte racerbilføraren Lynet McQueen og den makelause kranbilen Bill tek venskapet sitt til spanande nye stader i "Biler 2" når dei reiser internasjonalt for å konkurrere i sitt første Grand Prix VM. Men på vegen til meisterskapet møter dei hindringar, omvegar og lattervekkjande overraskingar når Bill blir innblanda i eit forbløffande eventyr med internasjonal spionasje.
Regi: Brad Lewis
Sjå klypp her:
BRIDESMAIDS (Ny oppsetting!)
| Dato | SØNDAG 14. august |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 2t 5min |
| Sensur | 11 år |
| Genre | Komedie |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Annie sitt liv er eit totalt kaos, så når ho oppdagar at hennar aller beste venninne skal gifte seg, er ho fast bestemt på å bli vald som forlovar. Sjølv om Annie er blakk og har kjærleiksorg, prøver ho å bløffe seg gjennom dei kostbare og bisarre rituala. Ho har berre ein sjanse til å oppnå eit perfekt resultat, og tek alle middel i bruk for å vise Lillian og brudepikene hennar nøyaktig kor langt ein kan å strekke seg for nokon ein er glad i.
Regi: Paul Feig Med: Kristen Wiig, Maya Rudolph, Ellie Kemper, Melissa McCarthy, Wendi McLendon-Covey.
Sjå klypp her:
