Filmarkiv

Sex and the city 2 Tidleg visning!!!

Dato FREDAG 18. JUNI KL. 18.00 NB!!

TYSDAG 22. JUNI KL. 19.00
Speletid 2t 25min
Sensur 11 år
Genre Drama/Komedie
Nasjonalitet USA
Språk Engelsk
Bill. kr. 80,-

Sex and the City 2

Moro, mote og venskap: Sex and the City 2 gir deg alt og meir til. Carrie, Samantha, Charlotte og Miranda tek nok ein stor bit av The Big Apple -og mykje meir- medan dei held fram dei travle (kjærleiks)liva sine i ein oppfylgjar som glitrar.

Kva skjer etter at du seier "ja"? Livet byr på alt damene nokonsinne ønskte seg, men det ville ikkje vore Sex and the City om ikkje livet også hadde nokre overraskelsar på lur. Denne gongen er det i form av eit glamorøst, solfylt eventyr som tek damene frå New York til ein av dei mest luksuriøse, eksotiske og livlege stadane på kloden.

Regi: Michael Patrick King. Skodespelarar:Sarah Jessica Parker, Kristin Davis, Kim Cattrall, Cynthia Nixon, Miley Cyrus,Penélope Cruz, Chris Noth, Liza Minnelli, Willie Garson, Evan Handler, Jason Lewis.

Sjå trailer her:

Fatter’n

Dato SØNDAG 6. JUNI
Tid Kl. 19.00
Speletid 1t 37min
Sensur 11 år
Genre Komedie
Nasjonalitet Sverige
Språk Svensk
Bill.pris 70,-

Fatter"n

Her kjem ei ny, ellevill komedie frå skaparen av JALLA! JALLA! og KOPPS. Og for å sei det med ein gong, – alle gode ting er tre!

Fatter’n har det fortreffelEg i livet. Han har jobb, vener og eIn son som er glad i han. Men sonen har ei hemmelegheit han kvir seg for å dele med far. Så sonen tenkjer at kanskje er det best om senior finn seg ein kjæraste? Farvel, idyll!

Utanfor sykkelverkstaden til Jørgen sit tre vener. Jørgen mistenker at kona har eit litt for godt auge til naboen. Juan har ikkje slike problemer, han er singel og storsjarmør. Aziz er óg singel, men det plagar han ikkje. Korleis kan ei kvinne erstatte kona hans som døydde alt for tidleg? Han gledar seg over dei faste rutinene sine og det at han snart skal bli bestefar. Men sonen Sami og kona kan ikkje bli biologiske foreldre, og tør ikkje fortelje den tradisjonsbundne fattern at dei skal adoptere. Men kanskje sjokket blir lettare å takle hvis fattern får noko anna å tenkje på? Kva med ei ny kvinne i livet hans? Slik tenkjer Sami, og fattern er ikkje heilt uvilleg. Men å sende ein gamal enkemann ut på sjekkemarkanden får nokre følgjer Sami ikkje hadde førutsett…

Regi: Josef Fares Skuespillere: Jan Fares, Torkel Petersson, Hamadi Khemiri, Nina Zanjani.

Sjå trailer her: