Filmarkiv

Det regner kjøttboller

Dato LAURDAG 29. MAI
Tid Kl. 16.00
Speletid 1t 30min
Sensur 7 år (familie)
Genre Familiefilm
Nasjonalitet USA
Språk Norske stemmer
Bill.pris 60,-

Det regner kjøttboller

Inspirert av Judi og Ron Barrett si bestselgande barnebok, serverer Sony Pictures Animation deg "Det regner kjøttboller" (Cloudy with a chance of meatballs) med data-animasjonseffektar du aldri har sett før, laga av Sony Pictures Imageworks

Ei kjempemorosam komedie om eit ungt geni som må redde verda då matoppfinnelsen hans klikkar og fører til at kjøttbollar på størrelse med Cadillac’ar og mais store som Eiffeltårnet fell mot jorda.

FISH TANK

Dato MÅNDAG 24. MAI
Tid Kl. 19.00
Speletid 2t 3min
Sensur 15 år (ungd./vaksen)
Genre Drama
Nasjonalitet Storbritannia
Språk Engelsk
Bill.pris Kr. 70,-

Fish Tank

Mia er femten år og har falle utanfor. Ingen kjæraste, ingen vener, ingen skule, ingen jobb, ingenting. Jau, hun dansar. Åleine med kassettspelaren har ho det bra, alt anna er dritt. Mia bur saman med ei sliten mor og ei nebbete vesleesøster i ein begredeleg britisk forstad. Kan det bli verre?

Mora kjem stadig trekkande med nye menn. Mia foraktar henne for det. Men den nye elskaren, Connor, er annleis. Han ek seg tid til Mia. Snakkar med henne, skryter av henne, seier at ho dansar fint. Mia blomstrar. Endeleg har det kome ein tilsynelatande god mann inn i livet hennar.

Regi: Andrea Arnold. Skodespelarar: Katie Jarvis, Michael Fassbender, Kierston Wareing.

Sjå trailer her:

Yohan barnevandrer

Dato LAURDAG 22. MAI
Tid Kl. 16.00
Speletid 2t 6min
Sensur 7 år (Eigna familie)
Genre Familiefilm
Nasjonalitet Norge
Språk Norsk
Bill.pris Kr. 60,-

Yohan - barnevandrer

Yohan er historia om ein av mange barnevandrarar på Sørlandet for over 100 år sidan. Filmen er ein Askeladden-forteljing om talentfulle Yohan på 10 år. Han bur på ein fattig gard saman med foreldre og fire sysken. Yohan blir tvungen ut på vandring til dei rikare gardane aust på Sørlandet. Han blir gjetar og passar buskapen mot ulv og bjørn og truande menneske. Filmen er tru mot historiske fakta om barnevandringane på Sørlandet på slutten av 1800-tallet. Mot alle odds lukkast Yohan i å overleve, sjølv om utgangspunktet er fattigdom og mange utfordringar.

En ganske snill mann

Dato SØNDAG 9. MAI
Tid NB! NY TID: Kl. 20.00
Speletid 1t 52min
Sensur 11 år (tilr. vaksen)
Genre Komedie
Nasjonalitet Norge
Språk Norsk
Bill.pris 70,-

En ganske snill mann

Ulrik er ein ganske snill mann. Han har drept nokre menneske, lemlesta litt. Når ein arbeider som kriminell er det ein del av jobben.

Ulrik gir stort sett folk det dei vil ha av han, så lenge han får mat og ei seng. Anten det er litt kjærleik eller eit drap. Etter at han er ute frå sitt siste fengselsopphald oppsøker han sonen sin, som har blitt ein vaksen mann sidan sist. Ein bra mann, med utdanning, sambuar og framtid. Sambuaren har lite til overs for den drapsdømde svigerfaren. Familien hennar driv ikkje med slikt. Dei driv med planteskule, og så har dei nokre prinsipp. Ulrik er ein ganske snill mann – men kor snill kan han bli?

Regi: Hans Petter Moland. Skodespelarar: Stellan Skarsgård, Bjørn Floberg, Gard B. Eidsvold, Bjørn Sundquist, Jannike Kruse, Kjersti Holmen, Jan Gunnar Røise, Aksel Hennie, Jorunn Kjellsby.

Sjå trailer her: