Filmarkiv

COLD SOULS

Dato SØNDAG 28. MARS
Tid Kl. 19.00
Speletid 1t 41min
Sensur A (Eigna ungd./vaksen)
Genre Komedie (svart)
Nasjonalitet USA
Språk Engelsk
Bill.pris Kr. 70,-

Cold Souls

Midt i ei eksistensiell krise snublar ein kjent amerikansk skodespelar over fenomenet "Sjelelagring", – eit privat laboratorium tilbyr New Yorkarar ei frigjering frå byrdene av sjelene deira.

Etter intens øving av Tsjekhov sin "Onkel Vanja" er Paul kjenslemessig drenert. Han snublar over tilbodet frå dette private laboratoriet. Paul bestemmer seg for å ta ut sjela si, berre for å oppdage at ho har form og storleik som e kikert. Etter eit mislykka forsøk på å leve og ta beslutningar utan sjel, leiger han sjela til ein angiveleg russisk poet, noko som leidar han til ei underleg, draumeaktig verd.

Cold Souls er ei metafysisk tragikomedie, der sjeler kan trekkast ut og inngå som handelsvare. Filmen balanserer på ein knivsegg mellom humor og patos, mellom verkelegheit og fantasi.

Sjå trailer her:

 

 

Dette meiner pressa om filmen:  Terningkast 5Adressa  Terningkast 5AftenpostenTerningkast 4BT Terningkast 5Dagbladet Terningkast 4Dagsavisen Terningkast 5NRK P3 Terningkast 5Natt&Dag Terningkast 4Side2 Terningkast 5VG

Prinsessen og frosken

Dato LAURDAG 20. MARS
Tid Kl. 16.00
Speletid 1t 40min
Sensur 7 år
Genre Eventyr/Animasjon
Nasjonalitet USA
Språk Norske stemmer
Bill.pris 60,-

Prinsessen og Frosken

Frå Walt Disney Animation Studios og skaparane av "Den lille havfruen" og "Aladdin"kjem ein moderne vri på ei klassisk historie. Den nydelege jenta ved navn Tiana, ein froskeprins som desperat ynskjer å bli menneske igjen, og eit skjebnesvangert kyss leier dei to ut på eit stort eventyr i den praktfulle byen New Orleans.

Regi:Ron Clements og John Musker.

Norske stemmer: Noora Noor, Espen Grjotheim, Paul Åge Johannessen, Sven Nordin, Andrea Bræin Hovig, Øivind Blunck, Wenche Myhre, Dag Vågsås, Linn Stokke, Paul Ottar Haga, Ivar Nørve, Helene Hagen, Maria Kvalvik Woldstad.

Sjå trailer her:

 

 

Publikum meiner:Terningkast 5    Dagbladet: Terningkast 5       Stavanger Aftenblad: Terningkast 5   Aftenposten: Terningkast 4  NRK P3: Terningkast 4

PERCY JACKSON OG LYNTYVEN

Dato LAURDAG 13. MARS
Tid Kl. 16.00
Speletid 1t 59min
Sensur 11år NB! Ikkje tilrådd under 11!
Genre Fantasy
Nasjonalitet USA
Språk Engelsk
Bill.pris 60,-

Percy Jackson og Lyntyven

Percy Jackson er i ferd med å bli utvist frå skulen – igjen. Men det er ikkje det største problemet. I det siste har nemleg historiebøkene med mytologiske monster og greske gudar blitt litt for levande. Og ikkje nok med det; han har erta på seg nokre av gudane. Eit av Zevs sine våpen har vorte stole, og Percy er hovudmistenkt. Det er ikkje spesielt smart å gjere Zevs sint, og Percy har berre ti dagar på å bevise at han er uskuldig.

Regi: Chris Columbus. Skodespelarar: Logan Lerman, Brandon T. Jackson, Alexandra Daddario, Sean Bean, Pierce Brosnan.

Sjå trailer her:

Publikum meiner: Terningkast 5

Sherlock Holmes

Dato SØNDAG 7. MARS
Tid Kl. 19.00
Speletid 2t 8min
Sensur 15 år
Genre Action/Krim/Drama/Thrillar
Nasjonalitet USA
Språk Engelsk
Bill.pris Kr. 70,-

Sherlock Holmes

Sherlock Holmes og hans trofaste støttespelar Dr. John Watson må bruke sine små grå med meir kløkt enn nokonsinne for å avsløre eit komplott som er ein trussel mot heile England.

Ei kvinneleg skjønnheit frå Holmes si fortid gjer oppdraget endå farlegare. Og når han ynskjer å slå seg til ro med denne kvinna, blir Holmes lite begeistra. Er det mogleg å redde verda aleine?

Regi: Guy Ritchie Skodespelarar: Robert Downey Jr., Jude Law, Mark Strong, Rachel McAdams.

Sjå trailer her: