Filmarkiv
It’s complicated
| Dato | SØNDAG 31.JANUAR |
| Tid | Kl. 19.00 |
| Speletid | 1t 58min |
| Sensur | 11 år |
| Genre | Romantisk drama |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | 70,- |
Jane er mor til tre vaksne born. Ho eig ein suksessfull restaurant i Santa Barbara, og har eit godt forhold til eksmannen Jake. Etter at Jane og Jake møtest på sonen si skuleavslutning, et dei middag i lag. Middagen utviklar seg til noko langt meir romantisk enn dei hadde tenkt. Og sidan Jake er gift på ny, med den langt yngre Agnes, er Jane brått "den andre kvinna", og ting blir kompliserte…
Regi: Nancy Meyers. Skodespelarar: Meryl Streep, Steve Martin, Alec Baldwin, John Krasinski, Hunter Parrish, Lake Bell, Rita Wilson.
Sjå trailer her:
Couples retreat
| Dato | SØNDAG 24. JAN |
| Tid | Kl. 18.00 |
| Speletid | 1t 54min |
| Sensur | 11 år Eigna: ungd./vaksen |
| Genre | Komedie |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | kr. 70,- |
Fire par frå Midtvesten i USA dreg på ei reise til eit luksuriøst hotell som har spesialisert seg på partertapi. Eit av para skal jobbe med ekteskapet sitt, medan dei tre andre har kome for å stå på vannski, nyte spa-anlegget og kose seg i sola. Men det viser seg snart at alle para må delta på den ukonvensjonelle parterapien, og det blir ein ganske annleis ferie enn det dei på førehand hadde tenkt!
Regi: Peter Billingsley Skodespelarar: Malin Akerman, Kristen Bell, Vince Vaughn, Jason Bateman, Jean Reno, Jon Favreau, Kristin Davis.
Sjå trailer her:
Tomme tønner
| Dato | Søndag 17. januar |
| Tid | Kl. 18.00 |
| Speletid | 1t 27min |
| Sensur | 11 år (ungd./vaksen) |
| Genre | Gangsterkomedie |
| Nasjonalitet | Norge |
| Språk | Norsk |
| Bill.pris | 70,- |
Endeleg går det vegen for gutta boys! Dansken har gjeve dei ein enkel jobb og dei er på veg opp. Men på mirakuløst vis går alt rett vest, og før dei veit ordet av det skuldar dei kongen av Oslo si underverd ein halv million. Det er ikkje bra. Ikkje i det hele teke …
Ali, Nico og Bobby har endeleg alt på stell. Dansken har gjeve dei eit oppdrag som ikkje kan gå gale, og dei er dermed på veg opp i systemet. For kor vanskeleg kan det vel egentleg vere å stele ein utstoppa falk?
Vanskelegare enn først antatt, skal det vise seg.
Før dei veit ordet av det, er den døde falken borte, og dei skuldar kongen av Oslo si underverd ein halv million kroner. Det er ein halv million meir enn Ali, Nico og Bobby har – dei har derimot eit problem. Eit stort problem.
Men løysinga er nærare enn dei trur…
Regi: Leon Bashir, Sebastian Dalén.
Skodespelarar: Leon Bashir, Anders Danielsen Lie, Kristoffer Joner, Jenny Skavlan, Kim Bodnia, Yasmine Garbi, Stig Frode Henriksen, Tommy Wirkola, Lene Alexandra Øien.
Alvin & gjengen 2
| Dato | LAURDAG 23. JANUAR |
| Tid | Kl. 16.00 |
| Speletid | 1t 30min |
| Sensur | A |
| Genre | Animasjon/Familiefilm |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Norske stemmer |
| Bill.pris | kr. 60,- |

Her er dei igjen: Alvin, Simon og Theodor.
Når Dave havnar i ei ulukke, må gutane flytte til Dave sin kule fetter Toby. Dei må byrje på skulen, noko som viser seg å ikkje vere så lett for rockestjernene. På skulen opplever dei det alle andre gutar opplever på skulen: Gruppepress, sport og jenter! Dei blir kjend med tre jenter i rockebandet “Chipettes”, og det oppstår både rivalisering mellom gruppene, og søt musikk!
Regi: Betty Thomas.
Sjå trailer her: