Program
Mission: Impossible – Ghost Protocol NORGESPREMIERE!
| Dato | Fredag 27. januar |
| Tid | Kl 19.00 |
| 2. visning | Søndag 29. januar |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 2t 13min |
| Sensur | 15 år |
| Genre | Avtion |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Vinterens største actionbegivenheit står for døra når Tom Cruise er tilbake i rolla som spesialagenten Ethan Hunt i Mission: Impossible – Ghost Protocol.
Agenten Ethan Hunt og teamet hans får skulda for terroristbombinga av Kreml. Heile organisasjonen han arbeider for blir avvikla, når presidenten kort tid etter annonserer "Ghost Protocol". Utan nokon ressursar eller forsterkingar til rådigheit, må Ethan finne ein måte å reinvaske namnet til byrået sitt, og forhindre eit nytt terrorangrep. For å komplisere saka ytterlegare blir Ethan tvinga ut på eit farleg oppdrag saman med andre tidlegare agentkollegaer på flukt frå myndigheitene. Men han veit ingenting om deira personlege motivasjonar.
Sjå klypp her:
Ariettas hemmelige verden
| Dato | Laurdag 4. februar |
| Tid | Kl 16.00 |
| Speletid | 1t 34min |
| Sensur | For alle |
| Genre | Familiefilm |
| Nasjonalitet | Japan |
| Språk | Norske stemmer |
| Bill.pris | Kr 80,- |

Filmen er basert på Mary Norton si klassiske barnebok Lånerne. Under golvet i eit stort vakkert hus, i ein magisk gjengrodd hage, bur vesle Arrietta på 14 år med sine like små foreldre. I huset bur ei gammal dame som er lykkeleg uvitande om leigebuarane sine. Alt dei eig lagar dei av ting dei har lånt. Vatn, mat, straum og møblar. Dei låner berre litt kvar gong, så ingen skal leggje merke til det. Men å leve skjult er ikkje så lett. Derfor er liva deira alltid fulle av fare og spenning.
Regi: Hiromasa Yonebayashi. Norske stemmer: Agnes Fasting, Kari Simonsen, Unn Vibeke Hol, Magnus Nielsen, Julian H. Mæhlen, Gisken Armand.
My Week with Marilyn
| Dato | (ikkje klar enno) |
| Tid | (ikkje klar enno) |
| Speletid | (ikkje klar) |
| Sensur | (ikkje klar) |
| Genre | Drama |
| Nasjonalitet | Storbritannia |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris |
Den ukjente veka i livet til ikonet Marilyn Monroe. Marilyn Monroe er på bryllupsreise i England med den nye ektemannen sin, Arthur Miller, samtidig som hun spelar inn filmen "The Prince and the Showgirl". Då ektemannen må forlate landet for ei veke, rømmer Marilyn frå innspelingssettet, saman med sin unge og audmmjuke assistent Colin Clark. Gjennom ei idyllisk veke kjem Marilyn seg vekk frå hardkøyret i Hollywood og arbeidspress, og blir introdusert til gledene ved det britiske livet. Dette er den ukjente veka i livet til Marilyn Monroe. Michelle Williams innehar rolla som ikonet Marilyn Monroe, Kenneth Branagh spelar regissør Sir Laurence Olivier, mens Eddie Redmayne spelar assistenten Colin Clark. I øvrige roller ser vi Emma Watson, Judi Dench og Dominic Cooper. Filmen er produsert av rutinerte Harvey Weinstein og har alt blitt utpeikt som ein sentral kandidat til Oscar-nominasjonane i 2012.
Sjå klypp her:
Pus med støvler (3D) NORGESPREMIERE!
| Dato | Fredag 10. februar |
| Tid | Kl 18.00 |
| Speletid | 1t 30min |
| Sensur | 7år |
| Genre | Animasjon / Eventyr / Fantasy / Komedie |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Norske stemmer |
| Bill.pris |
Historia om hendingane som fører fram til den sverdkjempande katten sitt møte med Shrek og vennene hans. Lenge før han møtte Shrek, la den legendariske Pus med Støvler ut på ei heltemodig reise saman med Lille Trille og gatesmarte Kitty Fløyelspote, for å stele den berømte Gåsa som la gullegg. Det blei eit eventyr han kunne skryte av i alle sine ni liv!
Sjå klypp her:
JERNKVINNEN
| Dato | Søndag 12. februar |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 1t 45min |
| Sensur | |
| Genre | Drama |
| Nasjonalitet | Storbritannia |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
JERNKVINNEN er eit overraskande og intimt portrett av ei ekstraordinær kvinne. Elska og hata; Margaret Thatcher er ein ikonisk figur på verdsscena – den første og einaste kvinnelege statsministeren i Storbritannia, og ein av det 20. århundret sine mest berømte og innflytelsesrike kvinner
Regi:Phyllida Lloyd. Skodespelarar: Meryl Streep, Jim Broadbent, Anthony Head, Richard E. Grant, Roger Allam, Olivia Colman, Iain Glen, Andrea Roach.
Sjå klyppher:
MONEYBALL
| Dato | NB! Søndag 19. februar |
| Tid | Kl 19.00 |
| Speletid | 2t 13min |
| Sensur | For alle (tilr. ungd./vaksen) |
| Genre | Biografi/Drama |
| Nasjonalitet | USA |
| Språk | Engelsk |
| Bill.pris | Kr 80,- |
Columbia Picture sin Moneyball er basert på den sanne historia om Billy Beane (Brad Pitt). Han var en potensiell superstjerne innan baseball som, såra av å ha mislykkast i å leve opp til forventningane ute på bana, viar si ekstreme konkurransedrift til å leia ein klubb.
Piratene! NORGESPREMIERE! (3D)
| Dato | Fredag 30. mars |
| Tid | (ikkje klar enno) |
| Speletid | |
| Sensur | |
| Genre | Animasjon / Eventyr / Familiefilm |
| Nasjonalitet | |
| Språk | Norske stemmer |
| Bill.pris |

Varg Veum Kalde hjerter NORGESPREMIERE!
| PREMIERE | Fredag 30. mars |
| Tid | (ikkje klar enno) |
| Speletid | (ikkje klar enno) |
| Sensur | 15 år |
| Genre | |
| Nasjonalitet | |
| Språk | |
| Bill.pris |

